fredag 19. februar 2010

Interaktiv tavle

Vi har fått StarBoard i det nye klasserommet på skulen, og har kost oss med å utforske dei moglegheitene det byr på i undervisninga den siste veka.

Her har elevane laga ein illustrasjon til Familien på Gilje av Jonas Lie. Dei teikna på tavla medan dei fortalte historia til medelevane. Illustrasjonane gir ikkje mykje meining som heilskap, men saman med historia fekk elevane knytta ord og bilete saman, slik at historia ga meir meining.
Morosamt var det òg. :o)

tirsdag 2. februar 2010

Kan iPad vere eit aktuelt verktøy i skulen?

Den siste veka har "alle" snakka om iPad. Allereie er Apple sitt nye produkt elska av mange, men hata av andre. Og kvar står eg i denne debatten? Ingen tvil om at mediehysteriet gira meg litt på førehand. Eg har verken iPod, iPhone eller iMac, men har fleire gonger tenkt at det hadde vore ei interessant investering når eg først må ha ny mobiltelefon eller laptop.

Ein kommentar om iPad frå DinSide: http://www.dinside.no/834121/hvem-har-bruk-for-ipad

Eg har tidlegare blogga om lesebrett, noko eg ønskjer meg, men ikkje i den forma som Kindle er. Eg ser etter eit fleirbruksverktøy som kan vere ei erstatting for laptopen, kor eg kan høyre musikk, surfe på nett, sjå film og lese bøker på farten. Eg kunne òg tenkt meg tekstbehandlingsprogram og presentasjonsverktøy, slik at den kan brukast i arbeidssamanheng og i samband med diverse verv eg har på fritida. Då ville det vere mest naturleg at denne "maskina" kan koplast til ein annan pc, anten heime eller på arbeid, for å overføre det eg eventuelt treng/vil ha. Då passar det dårleg at både heimepc og arbeidspc er Windows-pcar...

På arbeid har eg no fått Windows 7, og er så langt svært nøgd med det. Eg trur at dersom Windows utviklar ein tablet liknande iPad, men med dei funksjonane iPad manglar, vil eg nok heller satse på ein slik. Det er spennande å følgje med på utviklinga av slike produkt. iPad kjem nok til å bli stort, men den er sikkert ikkje heilt ferdig enno.

Enno meir interessant er om iPad eller liknande tablets kan vere noko for skuleelevane. Å få samla alle bøkene sine på ei lita maskin, skrive alle notatar på same maskina, bruke den som oppslagsverk - treng elevane så mange fleire funksjonar? Og til den prisen som iPad blei lansert med, vil det vel vere ei overkommeleg investering (i ei ideell verd...). Men også her vil vel skepsis og økonomi telle meir enn brukarvenlegheit når pengesekken skal fordelast på skulane...