mandag 16. august 2010

Presentasjonsverktøyet Prezi

No har eg testa presentasjonsverktøyet Prezi. Eg må seie at det var fascinerande, og kjem garantert til å bruke det ofte - oftare enn PowerPoint. Anbefalast!

Eg har laga ein presentasjon om emnet etikk i RLE for 10.trinn. Det blir festlig å prøve på den interaktive tavla. ;-)


søndag 8. august 2010

Dropbox - enkel deling av filer mellom ulike PCar

No er det slutt på å flytte haugevis av filer frå PCen heime til PCen på jobb via minnepinne eller mail. Eg har installert Dropbox!
Med Dropbox kan eg synkronisere filer og mapper mellom PC og internett. Slik kan eg laste ned dei filene eg ønskjer der eg ønskjer - berre eg har tilgang til internett. 






Eg treng ikkje å ha installert programvaren på pcen ein gong. Filene kan raskt lastast ned frå internett. Og endrar eg fila ein anna stad, kan eg synkronisere den med heimemaskina att. Enkelt og effektivt.



Eg kan dessutan dele ei fil eller ei mappe med andre - familie, vener, kollegar. Genialt? :)


Bilete frå: 
http://www.orange-blog.com/2010/02/17/out-of-the-office-get-dropbox/
http://linuxchronicles.wordpress.com/2009/11/24/using-drop-box-in-xubuntu/
http://cloudomatic.com/storage/dropbox/
http://www.kristi-barrow.com/favourite-tech-product-dropbox-iphone-app/