torsdag 24. juni 2010

Ei sky av ord...

Ordskyer er fiffig. :)
Ein kan til dømes bruke Wordle til å lage slike skyer av ord. Dei kan vere fine framsider på prosjekt, illustrasjonar på blogg eller wiki, osb...

Wordle: Buddhisme
Denne ordskya har eg laga av eit par avsnitt frå wikipedia om buddhismen.

Wordle: verbs
Denne ordskya fann eg i galleriet til Wordle. Den er sett saman av ein haug med engelske verb. Ikkje dumt å bruke som intro til ordklasser i alle språkfag...

Wordle: University
Her er enno eit døme frå galleriet til Wordle. Ein kan velje fargar, skrifttyper og utforming på ordskyene, slik at dei passar til det du skal presentere.

Smart? :)

Tankekart på nett

Eg har oppdaga eit genialt verktøy på nett: Mindomo frå Creaza. Her kan ein lage tankekart - både klassiske tankekart med berre ord og bobler, med også med notat, bilete og hyperlenker. Programmet har ein god instruksjonsvideo - vel og merke på engelsk - som gir ei innføring i funksjonane programmet tilbyr:



Gler meg til å ta programmet i bruk med elevane til hausten. :)

tirsdag 20. april 2010

Teikningar til "Bondestudentar" på interaktiv tavle

I dag har elevane lese eit utdrag frå Bondestudentar av Arne Garborg. Etterpå skulle dei teikne ei teikning, og tre elevar fekk teikne teikninga si på den interaktive tavla. Det vart fleire gode teikningar med fargar og artige detaljar. Her er Benedicte, Tone og Ida Serine sine teikningar:




tirsdag 13. april 2010

Amalie Skram - Karens Jul

Elevene som skriver blogg har blitt færre nå. Jeg maktet ikke å rekke over alle som glemte passord til hver gang, ikke fulgte opp hjemmearbeid osv. Nå har noen motiverte elever sagt at de vil jobbe videre med blogg, og kanskje få prøve seg på wiki også, mens resten av klassen leverer på it's learning.

I dag fikk de i oppgave å skrive referat fra novellen Karens jul av Amalie Skram. Se under elevblogger til høyre for å lese hva de har skrevet. :o)










Her er en YouTube-variant av Karens jul. Ganske grei og kortfattet innholdsmessig.

onsdag 31. mars 2010

GeoAtlas

Eg arbeider for tida med ein artikkel til GeoAtlas. GeoAtlas er ein slags database med artiklar knytta til natur, kultur og historie i nærmiljøet. Du kan søke på fylke og/eller kommune, og finne alle artiklar som er knytt til denne staden. Artiklane er skrivne av lærarar og elevar. Foreløpig er det nesten berre artiklar frå Sogn og Fjordane, men på sikt kan ein kanskje håpe at fleire lærarar rundt om i landet får augene opp for dette verktyet, og tek seg bryet med å lage artiklar som dei kan nytte i undervisninga.




Artikkelen min handlar om Åkernesrenna på Sunnmøre. Denne har eg tenkt å bruke i geografifaget (samfunnsfag på ungdomstrinnet).


Video av sprekken
Artikkel i Wikipedia om Åkernesrenna
Artikkel i Aftenposten

fredag 19. februar 2010

Interaktiv tavle

Vi har fått StarBoard i det nye klasserommet på skulen, og har kost oss med å utforske dei moglegheitene det byr på i undervisninga den siste veka.

Her har elevane laga ein illustrasjon til Familien på Gilje av Jonas Lie. Dei teikna på tavla medan dei fortalte historia til medelevane. Illustrasjonane gir ikkje mykje meining som heilskap, men saman med historia fekk elevane knytta ord og bilete saman, slik at historia ga meir meining.
Morosamt var det òg. :o)

tirsdag 2. februar 2010

Kan iPad vere eit aktuelt verktøy i skulen?

Den siste veka har "alle" snakka om iPad. Allereie er Apple sitt nye produkt elska av mange, men hata av andre. Og kvar står eg i denne debatten? Ingen tvil om at mediehysteriet gira meg litt på førehand. Eg har verken iPod, iPhone eller iMac, men har fleire gonger tenkt at det hadde vore ei interessant investering når eg først må ha ny mobiltelefon eller laptop.

Ein kommentar om iPad frå DinSide: http://www.dinside.no/834121/hvem-har-bruk-for-ipad

Eg har tidlegare blogga om lesebrett, noko eg ønskjer meg, men ikkje i den forma som Kindle er. Eg ser etter eit fleirbruksverktøy som kan vere ei erstatting for laptopen, kor eg kan høyre musikk, surfe på nett, sjå film og lese bøker på farten. Eg kunne òg tenkt meg tekstbehandlingsprogram og presentasjonsverktøy, slik at den kan brukast i arbeidssamanheng og i samband med diverse verv eg har på fritida. Då ville det vere mest naturleg at denne "maskina" kan koplast til ein annan pc, anten heime eller på arbeid, for å overføre det eg eventuelt treng/vil ha. Då passar det dårleg at både heimepc og arbeidspc er Windows-pcar...

På arbeid har eg no fått Windows 7, og er så langt svært nøgd med det. Eg trur at dersom Windows utviklar ein tablet liknande iPad, men med dei funksjonane iPad manglar, vil eg nok heller satse på ein slik. Det er spennande å følgje med på utviklinga av slike produkt. iPad kjem nok til å bli stort, men den er sikkert ikkje heilt ferdig enno.

Enno meir interessant er om iPad eller liknande tablets kan vere noko for skuleelevane. Å få samla alle bøkene sine på ei lita maskin, skrive alle notatar på same maskina, bruke den som oppslagsverk - treng elevane så mange fleire funksjonar? Og til den prisen som iPad blei lansert med, vil det vel vere ei overkommeleg investering (i ei ideell verd...). Men også her vil vel skepsis og økonomi telle meir enn brukarvenlegheit når pengesekken skal fordelast på skulane...