søndag 27. september 2009

Elevbloggar

Til høgre på bloggen min ligg to blogglister. Den eine inneheld interessante bloggar som eg følgjer med på, samt vennane mine sine private bloggar om deira interessante liv. ;) Den andre lista har eg kalla elevbloggar, for her ligg endeleg elevane mine sine eigne fagbloggar. Vi brukte eit par timar på at alle skulle få oppretta blogg og komme i gong, og nesten alle i klassen kan no kalle seg bloggarar. :)

Innan måndag kveld skal dei ha skrive eit innlegg om boka dei les i for tida (alle har ei bok å lese i i nokre veker framover). Dessutan skal dei framover kommentere kvarandre sine innlegg slik at alle får kjekke tilbakemeldingar på det dei skriv, og føler at det gir meining.

Følg gjerne med på elevbloggane og kommenter. Der er mange gode skrivarar. :o)

1 kommentar:

  1. Hadde vore interessant med ei oppsummering av korleis det går etterkvart som bloggane utvidar seg i fleire innlegg. Kva fungerer, og kva er elevane sine opplevingar av det å blogge?

    SvarSlett